KONTROLL: Travel natt for kontrollørane på Håbakken. (Illustrasjonsfoto)

Køyrde for langt og lenge

Føraren fekk grei beskjed på Håbakken torsdag kveld.

Publisert 22.03.2019 kl. 06.32.

Ein førar vart meld til politiet for brot på bestemmelsane om køyre- og kviletid, ettersom han hadde droppa dei pålagde pausane i køyringa, melder Statens vegvesen etter ein kontroll på Håbakken torsdag kveld.

Til saman 104 køyretøy var innom kontrollplassen, 11 av dei vart valde ut for grundig kontroll.

Tre køyretøy fekk påpeika såkalla skriftlege manglar.

Ein førar vart nekta å køyra vidare grunna manglande kalibrering av fartsskrivar, to fekk påpeikt overlast og måtte lasta av eller lasta om før dei fekk køyra vidare. Ein av dei fekk også gebyr.

Ein førar av ein varebil fekk krav om å lasta av før han fekk køyra vidare fordi den var overlasta.


Les meir om: Nyhende Samferdsle Trafikk

Siste saker Gå til framsida