Vest politidistrikt har hatt litt å henge fingrane i Sogn og Fjordane denne torsdagskvelden.

Om lag klokka 21.15 fekk dei melding om ein båt som gjekk i ring på Gloppenfjorden i Gloppen. Det var ingen om bord i båten.

Det viste seg at det var ei kvinne som hadde ramla på sjøen, men vart plukka opp uskadd. Båten gjekk framleis i ring då politiet twittra om hendinga.

Under gravemaskin

Ved Blakset i Stryn måtte naudetatane rykka ut etter at ein person som låg fastklemt under ei gravemaskin.

Vedkomande er flydd til Førde sjukehus, det er ikkje sagt noko meir om helsetilstanden.

Tidlegare på kveld kolliderte to motorsyklar i ei 30-sone i Svelgen, der naudetatane også måtte svinga seg ut.

Det var også to trafikkulukker på E39 ved Lavik. Begge to var utforkøyringar, der den eine også tok fyr.