(FIRDA:) Politiet melder at dei klokka 16.30 fekk melding om at ein brannalarm var utløyst i eit bygg med sju leilegheiter i Måløy.
Naudetatane var raskt framme på staden, og melder om at staden var «noko» røykfylt.
– Det er meldt om skade på ein kvinne i 70-åra. Ho blir sett til av ambulansepersonell, melder Vest politidistrikt.
Politiet har fått melding om at brannen er sløkt. Årsaka til brannen er så langt ikkje kjend.
Dei andre bebuarane i bygget vert ikkje evakuerte