Kvinne i 40-åra meldt sakna

DEL

SISTE: Den sakna kvinna vart sist observert ved kulturhuset i Sogndal mellom klokka 01.30 og 02.00 natt til laurdag.

– Me er interessert i opplysningar frå publikum som kan leia oss på rett veg, seier innsatsleiar i politiet, Erik Skjerdal.

Ei kvinne i 40-åra er meldt sakna i Sogndal, melder politiet på Twitter klokka 08.39 laurdag.

Ho er sakna frå institusjon og vart sist sett kring klokka 0100. Politiet fekk melding klokka 04.10.

– Søk har pågått gjennom natta med personell frå naudetatane. Frivillige mannskap blir no kalla ut, melder politiet.

Politiet ønskjer no at innbyggjarar i Sogndal kan sjekka garasjer, uthus og eigedom for å sjå etter den sakna.

– Kvinna er truleg iført ei tynn blå vindjakke, blå dongeribukse og turkise sko. Kvinna er opplyst å vera 170 cm høg og har mørkt hår.

Politiet opplyser at saka er helserelatert, men dei ønskjer litt hjelp frå publikum og difor har dei gått ut med ei skildring.

– Røde Kors, Norske Redningshunder og Norsk folkehjelp skal delta i leitinga. Frå før av deltek politiet og brannvesenet, seier Frode Kolltveit ved operasjonssentralen i Vest politidistrikt.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken