(AN:) – Klokka 16.50 fekk politiet melding frå Hovedredningssentralen Nord-Norge om at det var gått snøskred i Borgdalen på Jan Mayen. Tre personar var på tur i området då skredet gjekk. To personar blei tekne av skredet, men ein tredje person klarte å komma seg laus og fekk varsla, seier operasjonsleiar i Nordland politidistrikt, Remi Johansen.

Personellet på stasjonen sette då i gang ein redningsaksjon og tok seg opp til skredområdet. Der søkte dei gjennom skredet og fann dei to sakna. Livreddande førstehjelp blei sett i gang, men liva deira stod ikkje til å redda. Dei to blei stadfesta omkomne klokka 19 laurdag. Personen som klarte å ta seg ut av skredet, er lettare skadd, står det i ei pressemelding frå Forsvaret.

Frå Vestland

Dei to omkomne er ei kvinne i 50-åra og ein mann i 30-åra. Mannen er frå Nordland og kvinna er frå Vestland, opplyser Johansen. Skredet skal ha vore 100 meter breitt og 100 meter langt.

– No går mine tankar og medkjensler først og fremst til dei pårørande, det tette, vesle fellesskapet på Jan Mayen – men også til vener og kollegaer i Forsvaret. Det smertar når me blir råka av slike tragediar, seier forsvarsminister Frank Bakke-Jensen i ei pressemelding.

Forsvarssjef Eirik Kristoffersen sender sine tankar til pårørande, som er varsla.

– Eg har teke imot det triste bodskapen om at to av våre har mista livet i ei skredulukke på Jan Mayen. Folka våre gjer ein viktig jobb der kvar dag, på norsk territorium, men likevel langt heimanfrå. Mine tankar går til dei pårørande og vener av dei omkomne og til deira næraste kollegaer. Alle me i Forsvaret tenkjer på dykk og føler med dykk i denne triste tida, seier forsvarssjef Erik Kristoffersen i ei pressemelding.

Kondolanse frå statsministeren

Statsminister Erna Solberg har delt sine tankar om hendinga.

– Det er med djup sorg eg har mottatt meldinga om at to tilsette ved Forsvaret sin stasjon på Jan Mayen laurdag ettermiddag omkom i et snøskred. Mine tankar går til de pårørande, vener, kollegaer og det tette fellesskapet på Jan Mayen, skriv statsministeren på Twitter.

Hentast med Hercules

Øya ligg i Norskehavet, rundt 1.000 kilometer vest for Noreg, nord for Island mot Grønlandshavet. Jan Mayen er nesten 380 kvadratkilometer stor, og øya har tilhøyrt Noreg sidan 1930.

Forsvarets operative hovudkvarter har sett eit C-130J Hercules transportfly i beredskap for å kunne støtta stasjonen. To kystvaktfartøy er også omdirigert for å gje helikopterstøtte til stasjon Jan Mayen.

Operasjonsleiar Remi Johansen i Nordland politidistrikt seier det ikkje er avklart når dei to omkomne kan flygast til fastlandet.

– Rullebana må rydjast først, så det kan tidlegast skje måndag, men me veit ikkje, seier Johansen til NTB.