Kvinna er komen til rette

DEL

Siste: Kvinna er komen til rette. Politiet opplyser klokka 20.50 at det er uvisst kva som er skjedd. Patruljen vil ta kontakt med meldar og kvinna.

Vest politidistrikt melde klokka 20.29 søndag at dei har fått melding om at ei kvinne i 40-åra har kome vekk frå turfølgjet på veg ned frå Geitadalen i Leikanger.

Politiet opplyser at dei fekk melding om hendinga klokka 19.38 og er på veg til staden.

- Kvinna har vore på tur og gått ein annan veg tilbake mot bilen enn dei andre, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit i Vest politidistrikt.

Då kvinna ikkje var på avtalt stad, starta turfølgjet å leita etter henne, opplyser Kolltveit.

Det vart ikkje sett i gang redningsaksjon, opplyser politiet.

GEITADALEN: Kvinna kom bort frå turfølgjet i dette området.


Artikkeltags

Kommentarer til denne saken