Gå til sidens hovedinnhold

Kvinna er funnen omkomen

Politiet stadfestar no at kvinna på 29 år som var sakna på Viefjellet i Førde, er funnen omkomen i terrenget på Viefjellet.

Det var hundepatruljen til politiet som fann kvinna klokka 12 laurdag. Kvinna er utanlandsk statsborgar, og arbeidd i Førde. Politiet skriv i ei pressemelding at det ikkje er opplysningar som tilseier at kvinna har vore utsett for ei kriminell handling.

Pårørande er varsla, og på veg frå utlandet til Førde. Familien vert varetekne av politiet og Førde kommune.

Politiet takkar alle frivillige ressursar for god innsats i samband med redningsaksjonen.

Kommentarer til denne saken