Kven skal møta kven i lokalfotballen i årets sesong? Her kan du følgja den historiske trekninga direkte

FÅR SVAR: Onsdag ettermiddag blir det klart kven Vik skal spela mot i 4. divisjon komande sesong.

FÅR SVAR: Onsdag ettermiddag blir det klart kven Vik skal spela mot i 4. divisjon komande sesong. Foto:

Oppsettet for 4. divisjon blir bestemt i ettermiddag.

DEL

Årets sesong i lokalfotballen har først oppstart i midten av august grunna koronaviruset, og difor er tal kampar halvert.

I staden for å spela enkel serie har NFF Sogn og Fjordane bestemt seg for å dela 4. divisjon i to, der laga som vanleg spelar mot kvarandre heime og borte, før det blir sluttspel om opp- og nedrykk til slutt.

Avdelingane skal trekkjast, der laga er vurdert på ulike nivå basert på fjorårets tabellplassering. Eitt lag frå kvart nivå vil bli plassert i kvar avdeling, og dei er «seeda» slik:

Nivå 1: Førde, Eid

Nivå 2: Studentspretten, Stryn

Nivå 3: Kaupanger, Måløy

Nivå 4: Høyang, Syril

Nivå 5: Bremanger, Dale

Nivå 6: Vik, Jølster

Trekkinga skjer på Fosshaugane Campus klokka 18, og kan følgjast direkte her.

Artikkeltags