Kven skal få klimapris? Du er med på å bestemma

KLIMAOMSTILLING: Klima- og miljøprisen skal både inspirera og motivera til vidare innsats i arbeidet med klimaomstilling.

KLIMAOMSTILLING: Klima- og miljøprisen skal både inspirera og motivera til vidare innsats i arbeidet med klimaomstilling. Foto:

Den første klimaprisen i Vestland skal delast ut.

DEL

– Me har mange gode døme på klima- og miljøtiltak her vest, som viser att i stort og smått. Fellesnemnaren for vellukka klima- og miljøarbeid er haldningar og vilje til å ta grep, seier fylkesordførar Jon Askeland i ei pressemelding.

No kan du nominera personar, lag, organisasjonar og verksemder. Prisvinnaren må koma frå Vestland og må ha vist evne og vilje til å yta ein klima- og miljøinnsats ut over det vanlege.

Alle kan nominera kandidatar, og nominasjonsfristen er den 28. februar.

70.000 kroner

– Me ynskjer med klima- og miljøprisen å løfta fram dei gode døma, dei som viser veg og dei som motiverer andre. Me leitar etter dei gode døma i kvardagen, og me leitar etter dei store forretningsideane, som skapar aktivitet lokalt, og som kan seljast globalt, seier Askeland.

Vinnaren får 70.000 kroner.

Gode kandidatar til prisen er dei som har talent og viser kreativitet og evne til nyskaping. Vestland fylkeskommune er særleg oppteken av at prisen skal vera til inspirasjon for aktørar som står sentralt i arbeidet med ei klimaomstilling av Vestland. Prisen skal også motivera til vidare innsats.

Her kan du nominera kandidatar

Artikkeltags