Paradoksalt nok er det enklare å sende rakettar mot ein komet enn å omstille samfunnet på ein rettferdig måte.

Straumen har vore dyr, koronatiltaka strenge, og som så mange andre har eg brukt store delar av juleferien i heimen, med varme i peisen og julefilmar på TV. Trygt i sofakroken fekk eg òg med meg Don’t Look Up, den mykje omtalte Netflix-filmen med Leonardo DiCaprio og Jennifer Lawrence i hovudrollene. Filmen er satire, men berre knapt – og som så mange andre som forskar på klimaendringar og samfunn, har eg kjent att ein god del av det filmen framstiller.

Vi har sikker kunnskap i massevis, så kvifor gjer vi ikkje nok?


Som sosialantropolog er eg meir oppteken av folk enn av grafar, og då blir svaret (som hjå alle forskarsar) at det er komplisert. Å forstå klimakrisa og alvoret i ho, handlar rett nok om å lytte til forskinga. Men å endre på det som har skapt krisa, er ikkje like enkelt eller rett fram. Det er jo ikkje ein komet på veg mot oss, men snikande klimaendringar forårsaka av utslepp frå fossile energikjelder – olje, kol og gass.

Desse utsleppa må ned så raskt det berre går an dersom vi skal greie å halde den globale oppvarminga under to grader og så nær 1,5 grader som mogeleg. At dette er skrikande nødvendig er heilt klart; med den grada av oppvarming vi alt har fått er vinteren i Sogn varmare, snøen mindre sikker, og årstidene oppfører seg annleis enn vi er vande med.

Å få utsleppa ned for å stoppe oppvarminga krev internasjonal, nasjonal og lokal handling. I Hurdalsplattforma har regjeringa forplikta seg til å kutte 55 prosent av utsleppa i Norge innan 2030 (samanlikna med 1990-nivå), men korleis dette skal gjerast, finst det altså meir enn eitt svar på – også i forskingsverda. Det er ikkje snakk om å skyte ned ein stor komet, men å erstatte fossil energi med fornybar energi. Samtidig må vi kutte forbruket så mykje som vi kan. Det inneber endringar som grip inn i kvardagsliva våre, og verkar inn på korleis vi flyttar på oss, korleis vi handlar og kastar ting, og korleis kommune og stat legg til rette for at vi kan leve berekraftige og gode liv, no og i framtida.

Det er difor store utfordringar samfunnsplanlegginga står overfor i åra som kjem. Samfunnet skal omstillast vekk frå petroleum, samtidig som folk skal ha ein jobb å gå til, straumen ikkje skal koste for mykje, og det vetle vi har att av natur og biologisk mangfald blir teke vare på. Statsminister Jonas Gahr Støre snakka om dette i nyttårstalen sin, og understreka at omstillinga skal vere «rettferdig». Men rettferdig for kven, og på kva måte? Det spørsmålet peikte sametingspresident Silje Karine Muotka på i sin nyttårstale same dag. Ho framheva reindriftssamane på Fosen i Trøndelag og høgsterettsdommen som slår fast at rettane deira er krenkte av vindkraftutbygginga på Roan og Storheia.

For Fovsen Njaarke reinbeitedistrikt har omstillinga ført med seg alt anna enn rettferdigheit. Dei blir belasta med ei dobbel byrde: klimaendringane har alt gjort det vanskelegare å drive tradisjonell reindrift, og med utbygging av kraft til det grøne skiftet, må dei gje slepp på endå meir land. I tillegg har dei hatt ei enorm meirbelasting i arbeidsmengd med saksbehandling både av vindkraftkonsesjonar og saka si gang i domstolane. Då konsesjonen først vart gitt av Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) i 2010, klaga reineigarane. Dei fekk ikkje medhald frå Olje- og energidepartementet (OED), som valde å oppretthalde vedtaket tre år seinare. Dei gav grønt lys for å starte bygginga, medan saka vart teken til domstolane. No som dei 151 turbinane står der, har altså Høgsterett slått fast at konsesjon og løyve til ekspropriasjon av beiteområda er ugyldige, fordi dei er i strid med reineigarane sin rett som urfolk til å praktisere kulturen sin etter FNs konvensjon om sivile og politiske rettigheter. Inngrepet i fjella er så stort at beiteområda i praksis er tapte for reindrifta, og konsesjonen skulle difor aldri vore gitt. No jobbar juristane i Olje- og energidepartementet på spreng for å finne ei løysning som kan la vindturbinane stå, medan kravet frå reindrifta, Sametinget og ein rekke andre er klokkeklart: Turbinane må ned og området restaurerast, berre slik kan ein stanse brota på samiske rettar.

Korleis det endar på Fosen vil vi truleg få svar på i løpet av dei neste månadene. I mellomtida er det nok av andre stridar om vindkraftanlegg, anten det er i samiske beiteområde på Øyfjellet i Nordland, langs kysten og innover i landet i Finnmark eller lengre sør, der spørsmåla om naturverdiar og folk sin nærnatur har skapt stor debatt. Utbygging av vindkraft landet over har gjort at mange menneske no har eit bittert og fiendtleg forhold til klimaomstillinga. Det som skulle vere ei løysning med fornybar straumproduksjon, har ikkje vore vege godt nok opp mot konsekvensane av arealinngrep og nedbygging av natur, for dyreliv og for lokalsamfunn. Nye konsesjonsvilkår har forsøkt å ta omsyn til dette, og gir no meir makt til kommunane. Det flyttar avgjerdene nærare områda det gjeld, men skapar òg nye problemstillingar som vil krevje mykje av det lokale forvaltingsnivået.

Når det no er nye diskusjonar om å opne for utbygging av verna vassdrag, er det verdt å hugse på at kraftutbygging òg har sett sine spor her i Sogn. Vasskraftutbyggingane i Lustrafjorden på 1970- og 80-tallet endra mikroklimaet gjennom å påverke vassføring i elvar og isforhold på fjorden vinterstid. Gjennom domstolane si fastsetting av skjønn fekk ein del fruktbønder utbetalt erstatning fordi grunnlaget for å dyrke frukt blei øydelagt. Prisen for nokre få, opp mot storsamfunnet sitt kraftbehov, verkar kanskje låg – men for dei gjeld, betyr det mykje. For å låne eit uttrykk frå statsministeren sin tale, skal ein ha respekt for akkurat det. Då er det verdt å ta eit skritt tilbake og spørje seg kva for verdiar som er så viktige for folk at dei er verdt å verne om, òg viss det er eit spørsmål om omstilling og fornybar energi.

Er det berre spektakulære fossefall som Vettisfossen som er verneverdige, eller skal vi òg ta omsyn til det som ikkje er synleg eller direkte nyttig for oss menneske? Vassdrag, fjellområde og myrer frie for store inngrep er viktige for dyre- og planteliv, primærnæring og kulturarv. Kva skal fastsettast som urørlege verdiar når vi skal avgjere kva som skal elektrifiserast og kven som skal betale for det, til dømes i Nordsjøen eller langs vassdraga folk har kjempa så mange kampar for å verne, både i Sogn og Fjordane og i andre delar av landet?

Dette er òg spørsmål som går til hjartet av kva slags samfunn vi vil ha i framtida. Politisk sett er det spørsmål om korleis vi skal kutte utsleppa, kor mykje straum som skal sparast, og kor mykje ny infrastruktur som skal byggast ut. Men konsekvensane av politikken, og difor også utforminga av den, angår alle i samfunnet. Å syte for ei rettferdig omstilling handlar difor om prioriteringar, og om å sjå breitt nok til at vi unngår ei skeivfordeling av fordeler og ulemper både for menneske og verda rundt oss. For der Don’t Look Up er veldig god for å minne oss på at handling no er heilt nødvendig, kan samfunnsforskinga gje råd om korleis heilskapen må takast vare på, slik at vi kjenner att samfunnet og demokratiet vårt òg når (viss?) faren er over.