Fortidsminneforeningens prosjekt Lys i Gamle Hus skal bidra til at hus som kan setjast i stand blir fylte med folk og liv.
Lys i gamle hus starta som ein kampanje på sosiale medium i 2014. Kvar 14. desember blir folk oppmoda til å lysa opp eit gamalt hus ein meiner bør takast vare på; ta eit bilete og dela det på sosiale medium under emneknaggen #lysigamlehus.
I 2022 gikk Lys i Gamle Hus frå å vera ein digital kampanje til å bli eit treårig pilotprosjekt i regi av Fortidsminneforeningen. Prosjektet støttast økonomisk av Riksantikvaren og Bergesenstiftelsen. Målet er å utvida prosjektet til å omfatta heile landet.
Må snu utviklinga
– Kvart år går kulturminne tapt, med bygg som blir rive, brunne eller fell ned, seier Bianca Wessel, prosjektleiar Lys i gamle hus, i ei pressemelding.
– Denne triste utviklinga vil me gjera noko med. Gamle hus er verdifulle kulturminne som bør takast vare på, som ein del av vår historie og identitet. Men gjenbruk av hus er også eit viktig klimatiltak. Dei er allereie bygde, og ofte i god kvalitet. Med rette tiltak kan dei setjast i stand og takast i bruk for lokal verdiskaping. Ny bruk eller ombruk av gamle hus er ikkje berre bygningsvern, men også miljøvern som bør få ein sentral rolle i ein berekraftig stadsutvikling. Å setja i stand eit gamalt hus er sirkulærøkonomi i praksis, seier Bianca Wessel, prosjektleiar Lys i Gamle Hus.
Delta i lysdugnaden
Nå oppmodar ho alle til å bli med i årets lysdugnad. Bodskapen er enkel, la det skina frå alle mørke hus og stover 14. desember. Det oppmodast samstundes til bruk av brannsikkert lys.
– Med over 13.000 følgjarar på Facebook og over 10.000 følgjarar på Instagram vil deltakinga i år bli større enn noko sinne. Me håpar mange vil bli med å visa at me vil ta vare på gamle hus, seier Wessel.