Kuttar arbeidsgjevaravgift med fire prosent

Torsdag la Stortinget fram nye tiltak i samband med koronakrisa.

DEL

Blant dei nye tiltaka for å hjelpa næringslivet og samfunnet i koronakrisa, er å kutta arbeidsgjevaravgift med fire prosent i to månader.

Det kom fram under ein pressekonferanse torsdag føremiddag.

Av andre tiltak vil styresmaktene hjelpa Nav, helsevesenet og kommunar med ekstrakostnader som følgje av krisa.

Regjeringa skal også koma med forslag som kan sikra reduserte takstar på riksvegferjer for ein avgrensa periode. Flyselskap med FOT-ruter skal få kompensasjon.

Studentar som får inntektsbortfall skal få hjelp, og nettundervisning frå vaksenopplæring, universitet, høgskular og fagskular skal bli gjort tilgjengelege.

Det blir også ein kompensasjonsordning for kultursektoren og idretten.


Artikkeltags