Inge Ronny kan vinna heilt ny pris under årets Lutt

PRODUSENT, MUSIKAR, LÅTSKRIVAR OG ARRANGØR: Inge Ronny Kvåle er ein av dei nominerte til ny luttpris. (Arkivfoto)

PRODUSENT, MUSIKAR, LÅTSKRIVAR OG ARRANGØR: Inge Ronny Kvåle er ein av dei nominerte til ny luttpris. (Arkivfoto)

Av

For aller første gongen vert prisen til «Årets blest» delt ut under det store Luttpris-showet.

DEL

Inge Ronny Kvåle frå Sogndal er ein av dei som er nominert til prisen, som skal gjera stas på dei som viser fram og hjelper artistane i regionen.Mellom finalistane finn ein både festivalar, klubbar, låtskrivarar, spelemannslag og produsentar. Publikum har vore med på nomineringa og det er aller første gong den vert delt ut, melder arrangørane i ei pressemelding. Les også: Ho skal leia årets store musikkfest

Hjelper artistane opp og fram

- Det er viktig å setja pris på dei som legg til rette, viser fram, produserer, arrangerer og engasjerer. Uten denne gjengen hadde ikkje artistane våre kome så langt som dei har gjort. Dette er utruleg viktige personar og organisasjonar, og eg meiner dei får alt for lite heider. Det seier prosjektleiar for Luttprisen, Stian Sjursen Takle i NRK Sogn og Fjordane i pressemeldinga. Prisen vert delt ut i samarbeid med den store Blestfestivalen som vert arrangert i Førde samstundes som Luttprisen.Der står nokre av dei mest spennande nye artistane frå Nordfjord, Sunnfjord og Sogn på scena.Luttprisen vert arrangert på Larris Scene i Førde laurdag 18. januar. Showet kan du sjå live i salen, på nettsidene til Firda, Sogn Avis, Fjordenes Tidende og Firda Tidend, eller du kan høyra den i radioen på NRK P1 Sogn og Fjordane.Det er ein fagjury som bestemmer kven som vinn prisen.

Låtskrivar og musikar

Inge Ronny Kvåle er produsent, musikar, låtskrivar og arrangør. Han eig sitt eige platestudio i Sogndal, har spelt i ei mengd band og vore musikar saman med ei rekkje musikarar. Han gjer det mogleg for musikarar å spela inn musikken sin, han arrangerer store og små konsertar for å vise dei fram, han spelar sjølv ei mengd strengeinstrument, han skriv låtar, lagar musikk til NRK sin TV-serie «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu», og han jobbar i kulturskulen, heiter det i pressemeldinga.Dei andre nominerte til denne prisen er Alexander Pavelich, Spelemannslaget Fjelljom, Jølster jazzklubb, Frode Kvinge Flatland, Malakoff, Dan Mikal Ripe Frøystad og Førdefestivalen.

Artikkeltags