Knallhard kamp om ein million kroner - blir delt ut under konsert med Kjartan Lauritzen

TIL SOGNAHALLEN: Kjartan Lauritzen står på scena i Sogndal 26. september, og det er billettar igjen. (Foto: AKAmike)

TIL SOGNAHALLEN: Kjartan Lauritzen står på scena i Sogndal 26. september, og det er billettar igjen. (Foto: AKAmike)

Av

Det er hard konkurranse om millionen som neste veke skal delast ut til frivillige lag og organisasjonar i Sogn.

DEL

- Det er kjempeinteresse for prosjektet, og me fekk inn 104 søknader, fortel banksjef Geir Henning Høyheim i Sparebanken Vest.

TIL SOGNAHALLEN: White Man Dancing er eit band av studentar frå Sogndal.

TIL SOGNAHALLEN: White Man Dancing er eit band av studentar frå Sogndal.

 

Uavhengig jury

Søknadene er no til vurdering hjå ein uavhengig jury som plukkar ut prosjekta som denne gongen skal få dela ein million kroner. Vinnarane blir offentleggjorde under den store gratiskonserten i Sognahallen torsdag 26. september.- Me reknar med at pengane blir fordelte mellom ca. ti prosjekt, seier Geir Henning Høyheim.

Ledige billettar

Til gratiskonserten i Sognahallen er det så langt delt ut vel 1.300 billettar, men det er plass til fleire.- Me har plass til nærare 2000. Så det er framleis mogleg å sikra seg billett, seier Geir Henning Høyheim.Konserten i Sogndal blir første av to sjansar til gratis konsert med Kjartan Lauritzen i Sogn på ei veke. Artisten frå Balestrand er det største trekkplasteret på konserten som banken arrangerer.

På heimebane

3. oktober arrangerer radiokanalen P3 gratis minikonsert med Kjartan Lauritzen på Kviknes Hotell i Balestrand - i hotellet der han voks opp.Konserten i Sognahallen om ei veke får eit sterkt lokalt preg. Forutan Kjartan Lauritzen, står rockebandet White Man Dancing på plakaten. Dette er eit band som marknadsfører seg som eit rockeband frå studentbyen Sogndal.Alexander Pavelich får du også møta på scena. Han er nordfjording så god som nokon, og har bygt seg opp som musikar i England.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken