Desse kulturbygga får støtte: - Måtte gjera tøffe prioriteringar

DUGNAD: Den samla verdien på dugnadsinnsats på prosjekta det er søkt om midlar til, er berekna til 3.259.850 kroner. Her er Olav Steig (t.v.) og Finn Sundby i sving på dugnad ved Leikanger kyrkjelydshus. (Foto: Huset i Bygda)

DUGNAD: Den samla verdien på dugnadsinnsats på prosjekta det er søkt om midlar til, er berekna til 3.259.850 kroner. Her er Olav Steig (t.v.) og Finn Sundby i sving på dugnad ved Leikanger kyrkjelydshus. (Foto: Huset i Bygda)

Av

42 lag og organisasjonar har i år søkt om gåvestøtte frå Huset i Bygda.

DEL

- Kvaliteten på søknadane er høg og vert stadig betre. Det var naudsynt med tøffe prioriteringar, og det var mange gode prosjekt som diverre fekk avslag, då det var fleire søknadar enn disponible midlar i år, fortel Christoffer Knagenhjelm, ansvarleg for Huset i Bygda i Sogn og Fjordane.Den samla søknadssum i 2019 var på 3.580.146 kroner. Huset i Bygda ser at utviklinga med høg søknads- og dugnadsaktivitet kring dei lokale kulturhusa ikkje viser teikn til å stogga opp, heiter det i ei pressemelding.Desse bygga fekk gåvemidlar i 2019:Atløy kulturhus SA, Askvoll: 40.000 kronerBulandet bygdahus, Askvoll: 50.000 kronerDalen grendahus, Bremanger: 50.000 kronerGrendehuset Gimle SA, Gloppen: 60.000 kronerLavikdal UL, Høyanger: 50.000 kronerLeikanger kyrkjehus, Leikanger: 50.000 kronerMidthjell og Lefdal grendalag, Eid: 45.000 kronerSelje samfunnshus, Selje: 25.000 kronerStavøy grendahus, Flora: 80.000 kronerØvrebotten grendahus, Gualar: 50.000 kronerTotalt: 500.000 kronerFrå 2019 overtok Huset i Bygda ansvaret med å administrera ordninga med gåvetilskot til lagseigde kulturhus frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. Ordninga er framleis finansiert med midlar frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.Huset i Bygda (HiB) vart etablert av Sogn og Fjordane Ungdomslag (SOFUL) i 2010. Formålet med HiB er å hjelpa, støtta og inspirera alle organisasjonseigde kulturbygg i Sogn og Fjordane, går det fram av pressemeldinga.

Artikkeltags