11 millionar til kultur og folkehelse - sjå kven som fekk pengestøtte

FÅR STØTTE: Balejazz får 150.00 kroner. Her frå då Lava og Hanne Boel stod på scenen under årets Balejazz. (Arkivfoto)

FÅR STØTTE: Balejazz får 150.00 kroner. Her frå då Lava og Hanne Boel stod på scenen under årets Balejazz. (Arkivfoto)

Av

Sogn og Fjordane fylkeskommune tildelte i juni over elleve millionar kroner til kultur- og folkehelsetiltak i fylket.

DEL

- Målet er auka aktivitet, sterk frivillig sektor og breidde i kulturtilboda, seier Ingebjørg Erikstad, assisterande fylkesdirektør for næring og kultur.

Imponert og stolt

Midlane frå fylkeskommunen er fordelt gjennom driftstilskot til kulturorganisasjonar, støtte til spel og arrangør, støtte til festivalar, midlar til prosjekt og tiltak, støtte til kulturutviklingstiltak og midlar til folkehelsetiltak.- Fylkeskommunen vil leggja til rette for eit rikt kulturliv. Økonomisk støtte er eit av verkemidla for å byggja oppunder all den gode aktiviteten som skjer gjennom heile året og på festivalar, arrangement eller kortare tiltak, seier Ingebjørg Erikstad, og legg til at ho er imponert over og stolt av all kulturaktiviteten me har i fylket.- Det ligg utruleg mange dugnadstimar bak, og det er god kvalitet i kulturtilbodet i fylket.

Dei som har fått støtte

På lista over dei som får støtte finn me mange fylkesdekkande organisasjonar, 13 festivalar, historiske spel, nye kulturarrangement- og prosjekt, samt ulike tiltak som vil vera med å styrke folkehelsa. I alt er det delt ut 11.193.000 kroner til kultur og folkehelsetiltak via Sogn og Fjordane fylkeskommune, går det fram av ei pressemelding.Så mykje får dei:Driftstilskot kulturorganisasjonar: Stiftinga Den Norske Bokbyen: 90 000 Sogn og Fjordane symfoniorkester: 100 000 Sogn og Fjordane ungdomslag: 60 000 Sogn og Fjordane Folkemusikklag: 200 000 Vevringutstillinga: 20 000 Norges husflidslag: 170 000 Vestnorsk Jazzsenter: 110 000 Vestlandsutstillingen: 100 000 KFUK-KFUM i Sogn og Fjordane: 90 000 NMF Nordvest: 230 000 Biletkunstnarane i Sogn og Fjordane - BKSF: 15 000 Brak: 100 000 Singerheimen: 200 000 Sogn og Fjordane mållag: 10 000 Pensjonistforbundet i Sogn og Fjordane: 60 000 Sogn og Fjordane Skrivelag: 10 000 Sogn og Fjordane krins av Noregs KFUK-KFUM speidarar: 15 000 Jakob Sande-selskapet: 100 000 Sogn og Fjordane husflidslag: 160 000 Folkeakademiet i Sogn og Fjordane: 90 000 4H Sogn og Fjordane: 300 000 Norges Korforbund Sogn og Fjordane: 60 000 Sum: 2 290 000 Spel og arrangørar:Elskhug og eksis, Eid: 50 000 På sverdeggja, Selje: 30 000 Kinnaspelet, Flora: 100 000 Dalsfjordveka (fleire kommunar): 15 000Danseverkstedet (fleire kommunar): 20 000 Pederhusets vener, Gloppen: 30 000 Oratoriesolistene DA (fleire kommunar): 20 000 Norske symfoni-orkestres landsforbund, Vestlandsk sommarsymfoni, Eid: 0 Skei Dansegalla, Jølster: 0 Holkerock, Askvoll: 0 Havblikk, Flora:0 Anders Alvoro Gjengedal Nydal, turné Hakkebakkskogen, Førde mfl.:0 Sum: 265 000 Festivalar: Fres festival, Vik: 50 000 Utkant, Gulen: 100 000 Målrock, Årdal: 50 000 Fjordbluesfestivalen, Fjæra Bluesklubb, Gloppen: 70 000 Balejazz, Balestrand: 150 000 Jazz på Jølst, Jølster Jazzklubb, Jølster: 10 000 Kulturfestivalen, NFU Sogn og Fjordane fylkeslag, Førde: 70 000 Førde internasjonale folkemusikkfestival, Førde: 3 311 000 Norsk countrytreff, Gloppen: 727 000 Nynorske litteraturdagar, Aurland: 75 000 Gloppen Musikkfest, festivalstøtte og utviklingsavtale, Gloppen: 300 000 Teaterfestivalen i Fjaler, Fjaler: 350 000 Malakoff rockfestival, Eid: 100 000 Glopperock, Gloppen: 0 Malakoff Rockfestival, utstyr / scene, Eid: 0 Måløy havfiskefestival, Vågsøy: 0 Eggstockfestivalen, AKKS, Bergen: 0 Kalvåg kystfestival, Bremanger: 0 Sum: 5 363 000 Prosjekt og tiltak:Førde Bogeskyttarklubb, NM 2019, Førde: 25 000 Forbundet Kysten, filmproduksjon trebåtbygging, Gloppen: 30 000 Hornindal og Markane skyttarlag, NM 2019, Hornindal: 10 000 Mari Askvik, kyrkjekunstserie «Fem i stein», Leikanger mfl.: 50 000 Førde Volleyballklubb, utviklingstiltak, Førde: 0 Svelgen opp og fram, Skovlhjul i sentrum, Bremanger: 0 Ivar Orvedal, «Hildr», Høyanger: 0 Ivar Orvedal, «Postreptilia», Høyanger: 0 Bengt Ronny Landøy-Midtbøen, lokalhistorie, Askvoll: 0 Svelgen turn- og idrettsforening, deltaking NM volleyball, Bremanger: 0 Indre Sogn Kystlag, restaurering Storbåten, Sogndal: 0 Stiftinga Sogndal Folkehøgskule, digital formidling ved 150-års jubileum, Sogndal: 0 Lærdal seniordans, dansekveldar, Lærdal:0 Krunhjorten 4H, grillhytte, Bremanger: 0 Solund skulemusikkorps, korpssamling, Solund:0 Stiftelsen Munthehuset i Ytre Kroken, utstillingar og program, Luster: 0 Akademiske maur (Svanøy viseklubb), pop-up viseworkshop, Flora: 0 Det Kongelige Selskap for Norges Vel, economuseum, Aurland / Balestrand:0 Sogndal songlag, jubileumskonsertar, Sogndal: 0 Dag Asle Mykløen, historisk film frå Oldedalen, Stryn: 0 Espen Selvik, Wergelandskonsertane, Gulen: 0 Janne Karin Støylen, vandringsbok Filefjellsvegen, Jølster: 0 Luca Berti, foto og utstilling Filefjellsvegen, Lærdal mfl.: 0 Grindstone Security Dag Sørebø, Hyllestad: 0 Sum: 115 000 Kulturutviklingstiltak:PreForm AS, driftstilskot, Fjaler: 300 000 Vestnorsk filmsenter, driftstilskot, fylkesdekkande: 100 000 Sogn og Fjordane idrettskrins, skikrinsen, fylkesdekkande: 200 000 Sogn og Fjordane ungdomslag, Huset i bygda, fylkesdekkande: 150 000 Sogn og Fjordane turlag / FNF, ung meistring i vill natur, fylkesdekkande: 200 000 Friluftsråd i Sogn og Fjordane, interkommunalt: 200 000 Aud Marit Sk. Holmen/ Karen Helga Maurstig, Ord og sted, Luster: 150 000 Førde kommune, Rom for ord, fylkesdekkande: 200 000 Creative Connections Norway, internasjonalt teaterprosjekt, Balsetrand mfl.: 50 000 Gamle Innvik ullvarefabrikk, Stryn: 100 000 Anna Einemo Frøysland, danseframsyning, Lærdal: 0 Jostein Avdem Fretland, produksjonshub for opera og scenekunst, Lærdal: 0 KULLA Productions AS, Kunstfilm med handling i Stongfjorden, Askvoll: 0 Fredrik Høstaker, scenekunstprosjekt «Gjenstand for», Fjaler mfl.: 0 VY Designlab AS, bygge opp verkstad og utstillingslokale, Førde: 0 Sum: 1 650 000 Folkehelse: Førde kommune, inkluderingstiltak:100 000 Solund kommune, gratis måltid / styrke vaksenrolle: 40 000 Nordfjord skyttarsamlag, inkludering, skyteopplæring: 250 000 Gym Stryn AS, tilrettelagt trening i skuletida: 30 000 Sogndal kommune, vidareutvikling av Møteplassen: 100 000 Flora kommune / nye Kinn kommune, aktiv fritid for alle barn: 50 000Sogn og Fjordane idrettskrins, fotballkrinsen utviklingsavtale: 240 000 Sogn og Fjordane Røde Kors, aktivt val, seksualundervisning: 50 000 Sogn og Fjordane Skikrins, Ski i skulen: 100 000 Fjaler kommune, Aktiv i HAFS: 200 000 SMISO, undervisning seksuell helse: 100 000 Dans utan grenser DUG: 150 000 Dagsturhyttene, forskingsprosjekt Vestlandsforsking: 100 000 Sogndal kommune, rusførebyggande arbeid: 0 A.P. Tamilsk Kultursenter, tiltak barn og unge, Flora: 0 Mari G. Jerstad, bruk av lokale nyttevekstar: 0 Solund IL, mosjon året rundt: 0 Ytre Sogn Turlag, sommarcamp: 0 Spenst Florø AS, seniortrening: 0 Høgskulen på Vestlandet, Active learning preschool, Sogndal: 0 Flora kommune, fallførebyggingskurs: 0 OnCue productions, Gøyanger, Høyanger: 0 Normisjon region Sogn og Fjordane, friluftsfestival, Goppen: 0 Sogn og Fjordane turlag FNF, Nærtur: 0 Sum: 1 510 000 Total sum kulturmidlar og folkehelsemidlar 2019: 11 193 000 kroner

Artikkeltags