Lustringen Sindre Steig slepp ny singel

NY MUSIKK: Sindre Steig frå Fortun slepp ny singel den 17. januar. (Pressefoto)

NY MUSIKK: Sindre Steig frå Fortun slepp ny singel den 17. januar. (Pressefoto)

Av

«Læra ka eg kan» blir tilgjengeleg den 17. januar.

DEL

Dagen før kan lustringen vinna Luttprisen for «Årets nykomar» på Blestfestivalen i Førde.

"LÆRA KA EG KAN": Låta handlar om ein tung periode og dei positive erfaringane han fekk med seg i ettertid. (Pressefoto)

"LÆRA KA EG KAN": Låta handlar om ein tung periode og dei positive erfaringane han fekk med seg i ettertid. (Pressefoto)

 

Lært av ei tung tid

Songen har han skrive om sine eigne erfaringar.- Alle går gjennom ein periode i livet der ting ikkje er heilt som ein skulle ønske. Alt var berre forferdeleg, men likevel ser du tilbake på ei tid som gjorde deg til den du er i dag. For uansett kva som skjedde, så finn du ut kven som er der for deg, og du har lært kva du er i stand til å gjere for å nå draumane du har i livet, seier Steig om den nye låten i ei pressemelding.

Release heime

I oktober i fjor slapp Steig sin første singel «By».Låten vart strøyma over 20.000 gonger i løpet av den første veka. Den har og vorte spela mykje på radio, blant anna på programmet «Norsk på Norsk» på NRK P1 og på NRK Sogn og Fjordane.Steg valde å halde releasekonsert i heimbygda Fortun.- Det var ein fantastisk god følelse å kunna starta karrieren der eg sjølv starta opp for 22 år sidan, seier han.Heile 200 personar møtte opp for å få med seg konserten. Dette er imponerande for ei bygd med 130 innbyggjarar.I 2020 kjem Steig med fleire låtar og skal spela fleire konsertar.

Artikkeltags