Den første Olav H. Hauge-bibliografien er her

Bibliografi: Stein Arnold Hevrøy har skrive bibliografien om Olav H. Hauge.

Bibliografi: Stein Arnold Hevrøy har skrive bibliografien om Olav H. Hauge.

Av

Hauge-senteret vil revidere og utvide bibliografien i åra som kjem.

DEL

- Me er takksame for all informasjon og dokumentasjon som kan bidra til ny kunnskap for samlingane våre, seier dagleg leiar ved Olav H. Hauge-senteret Geir S. Netland.

Bibliografien

Bibliografien til den folkekjære diktaren frå Ulvik er utgjeve av Nynorsk kultursentrum og ført i pennen av Stein Arnold Hevrøy, konservator ved Olav H. Hauge-senteret.Hevrøy håpar at Hauge-bibliografien kan vere til hjelp for alle som ønskjer betre oversyn over forfattarskapen til Olav H. Hauge.

Framleis aktuell

Hauge sin posisjon som ein av dei største norske lyrikarane etter andre verdskrigen har styrkja seg også etter at diktaren gjekk bort i 1994.I 2016 blei diktet «Det er den draumen» kåra til tidenes beste dikt av NRK sine lyttarar. I 2019 var tittelen på det same diktet slagord for Noreg som gjesteland under bokmessa i Frankfurt.

Utgjevingar

Gartnaren frå Ulvik gav til saman ut sju eigne diktsamlingar.Den første, Glør i oska, kom i 1946, medan den siste, Janglestrå, kom som ein del av Dikt i samling i 1980.Olav H. Hauge omsette 264 dikt av 27 ulike forfattarar frå engelsk, tysk og fransk til norsk.- I boksamlinga på Hauge-senteret kan ein finne fleire spor frå arbeidet hans. Hauge har markert rytmeskjema og andre notat i margen i fleire bøker, seier Stein Arnold Hevrøy.

Artikkeltags