Kvelertak leverer avslutningsshowet på årets Fres

TIL FRESVIK: Kvelertak kjem til Fres Festival i sommar. (Foto: Stian Andersen)

TIL FRESVIK: Kvelertak kjem til Fres Festival i sommar. (Foto: Stian Andersen)

Av

Torsdag vart det klart at bandet Kvelertak kjem til Fresvik i sommar.

DEL

- Sjølvaste Kvelertak - landets ubestridt største hardrockband og Ryfylkets største eksportvare - tek turen til Fresvik i sommar, fortel Gunnar Husabø i leiinga for Fres Festival.

Spellemann

Sidan Kvelertak for alvor tok steget inn på den norske musikkscena i samband med sin andreplass i Urørtfinalen i 2010, har det stort sett gått jamt og trutt beint oppover. På samvittigheita har dei tre fullengdarar: Kvelertak (2010), Meir (2013) og Nattesferd (2016), og har i tillegg fått tre Spellemann-prisar: nykommar og rock (2010) og metal (2013), går det fram av ei pressemelding frå festivalen.I tillegg til dette, har dei turnert, heile verda rundt med band som Mastodon, Ghost og ikkje minst Metallica, som dei i fjor brukte bortimot heile året på å turnera Europa rundt med.

Ny vokalist

I 2018 fekk Kvelertak ny vokalist, Ivar Nikolaisen, kjend frå mellom anna punkebandet The Good The Bad And The Zugly som også gjesta Fresvik i 2016. Med ny plate på veg, er Kvelertak no i gang med å spela eit knippe norske og europeiske festivalar, mellom dei altså Fres Festival.- Me gler oss stort. Det er få, om nokon, norske band som i dag er større enn Kvelertak, spesielt innan rockesjangeren. Det er berre å gle seg til sommaren, seier Husabø.Fres Festival 2019 går av stabelen 25. til 27. juli på Skau i Fresvik. Følgande artistar er så langt stadfesta til årets festival: Kvelertak, Team Me, Thea Hjelmeland, Pom Poko, Frøkedal, Amgala Temple, Amanda Tenfjord og Sista Bossen, sistnemnde frå Sverige.

Artikkeltags