Feirar 30 år med gjensyn og mangfald

KJEM ATT: Russiske Otava Yo har hatt stor internasjonal suksess sidan dei vitja Førde i 2015. No er dei mellom artistane publikum på Førdefestivalen kan få eit gjensyn med. (Pressefoto)

KJEM ATT: Russiske Otava Yo har hatt stor internasjonal suksess sidan dei vitja Førde i 2015. No er dei mellom artistane publikum på Førdefestivalen kan få eit gjensyn med. (Pressefoto)

Av

Førdefestivalen jubilerer og inviterer til konsertar i fem kommunar.

DEL

Garifunarytmar frå Belize, cajun frå Louisiana, duduktonar frå Armenia, ein dose russisk galskap, fado frå Portugal, balkansk blåsekurs, vaskebrettkurs med cajundronning, skotske reelar og svensk-norsk festmusikk er noko av det festivalen kan by på når dei i sommar feirer sine første 30 år.- 30 år utan grenser! er temaet for året, og programmet byr på mange fine gjensyn, men også møte med nye spennande artistar, fortel Per Idar Almås.Denne veka sleppte han sitt første program som direktør for Førdefestivalen.

I fem kommunar

Førdefestivalen inviterer i år til konsertar i fem kommunar.- Det er utruleg flott å kunne vera til stades i nabokommunane våre, seier Almås, og avslører at Haavebua i Florø får besøk av RURA, ei av dei mest etterspurde folkemusikkgruppene i Skottland.På Gloppen Hotel blir det ekte cajun med Sarah Savoy Trio. Jakob Sande-tunet i Fjaler blir perfekt ramme for nordnorske viser med Fotefar & Julie Alapnes, og i Jølster byr festivalen på akustiske møte i idylliske Jølstramuseet i tillegg til ein eksklusiv konsert med Hemsing/Larsen To Damer To Herrer i låven på Fjordamattunet, heiter det i ei pressemelding frå arrangørane.

Nytt på laurdag

Laurdagen arrangerer festivalen for første gong morgonkonsert på Hafstadfjellet, og i staden for festivalfrukost, blir det i år festivalbrunsj i parken.- Førdefestivalen ønskjer å satsa meir på den flotte arenaen på Festplassen, fortel Almås, som ønskjer velkomen til ein to timar lang festivalbrunsj i parken, med mat, konsertar og marknad i samarbeid med Norske kokkers meisterlaug Sogn og Fjordane og Rekoringen Førde.

Populære gjensyn

I år vil mange trufaste publikummarar få oppleva nokre av sine favorittmusikarar i Førde, lovar arrangørane. Dei polske yndlingane i Kroke - som også får besøk av mongolske URNA på scena, det svensk-norske festbandet SVER, Trekkspel-virtuosane i Samurai accordion, svenske Triakel, ungarske Muzsikas og dei iranske søstrene Mahsa og Marjan Vahdat, som står for den populære kyrkjekonserten.- Og endeleg har me klart å få El Tanbura frå Egypt tilbake på festivalplakaten, seier arrangementssjef Sølvi Lien, som satsar på at veteranmusikarane klarer å smelta publikum på same måte som dei gjorde på midnattskonserten på elvebreidda for meir enn ti år sidan. - Det spennande med festivalprogrammet i Førde, er at så mange av artistane ikkje har spelt i Norge før, og såleis er ukjende her, trass i at dei er store både i heimlanda sine og internasjonalt, seier Almås, som også nemner at mange av artistane festivalen presenterer er på veg opp.Andre nye namn i Førde er The Garifuna Collective og Dizu Plaatjies & Ibuyambo, som begge spelar på dansefesten laurdag kveld.

To nye produksjonar

Satsinga på nye produksjonar på festivalen held fram.- Det er utruleg flott at me kan følgja opp det fine Arvesølvet-samarbeidet i 2017 med ny konsert i jubileumsåret, seier Synnøve S. Bjørset i Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.I år er det Marita Vårdal Igelkjøn, Britt Pernille Frøholm, Helge Sunde og Viljar Losnegård, som skal på skattejakt blant 16.000 lydopptak i folkemusikkarkivet. I ein ny produksjon for born, Den underlege draken, tek Gro Marie Svidal, Hildegunn Hovde og Silje Risdal Liahagen tak i dei mange spennande mytane som finst kring draken frå langt tilbake.- Me kombinerer tradisjonelt slåttespel med nyskriven musikk, improvisasjon og elektronikk, seier Svidal, som gler seg til å invitera små og store born inn i ei drakehole av rytmar og rørsler.

Fotoutstilling

Ein folkemusikkfestival er også eit høve til å studera eit breitt spekter av folkemusikkinstrument, peiker arrangørane på. To som er ekstra fascinerte av alle dei vakre instrumenta og musikarane som kjem til festivalen, er fotografane Oddleiv Apneseth og Andreas Eikeseth Nygjerd. I år skal dei laga fotoutstilling under festivalen der dei portretterer musikarar og instrumenta deira.- Ideen om fotoutstillinga har me hatt nokre år, fortel dei to fotografane, som kvar dag skal produsera fire portrett i storformat som vert monterte i Førdehuset.Sogn Avis har tidlegare presentert dei norske artistane som skal opptre på årets festival, mellom dei Karl Seglem.Festivalen finn stad 3. til 7. juli.

Artikkeltags