Gler seg over å ha fått booka skikkelege lokalpatriotar

LÆRDAL FOR ALLTID: Dette biletet prydar coveret til plata Skrot og Skrømt frå 2010. No er bandet klart for festival på heimebane. (Pressefoto)

LÆRDAL FOR ALLTID: Dette biletet prydar coveret til plata Skrot og Skrømt frå 2010. No er bandet klart for festival på heimebane. (Pressefoto)

Av

- Endeleg får me dei på scena.

DEL

Det seier Torgeir Skjerdal, marknadsføringsansvarleg i Jordeplerock, om bandet Beinkjør, som er klart for årets festival i Lærdal.- Eg seier endeleg fordi me lenge har prøvd å få dette til. Me i Jordeplerock er stolte over å presentera nok eit lokalt innslag til årets line-up.

Beinkjør er eit rock/punk-band som såg dagens lys i 2000 i Lærdal. Etterkvart flytta medlemmene til Bergen for å prøva seg i eit større miljø, og gjorde mange konsertar og har til no sleppt fire album.Dei mest kjende låtane er frieriet til sogningane, «Såggning», deira rocka versjon av «Stao no pao», i tillegg til «Ørjan» og «Velkommen til Lærdal». I 2010 gjekk bandet i studio og spelte inn ei slags temaplate om folket og livet i Lærdal og Indre Sogn, heiter det i ei pressemelding frå Jordeplerock.

- Stor stas

- Eg trur lærdølene lenge har hatt lyst å sjå dei lokale heltane på scena, og me er i allefall strålande nøgde med å ha landa desse til årets Jordeplerock. Det blir stor stas, seier Skjerdal.Frå før er det kjent at Kjartan Lauritzen, Folk Flest, Stavangerkameratene og Hellbillies kjem til Jordeplerock. Neste veke vil det bli kjent kven som er siste artist på årets program.- Som alltid har me eit program som passar kvar ein smak, lovar Skjerdal.Festivalen går føre seg 28. og 29. juni.

Artikkeltags