Gå til sidens hovedinnhold

Kultklassikar er nominert til Kritikarprisen

Artikkelen er over 2 år gammel

Også i år er ein av klassikarane i den kritikarroste serien frå Skald med i kampen om Kritikarprisen for beste omsetjing.

Denne gongen er det Brit Bildøen som er nominert for omsetjing av kultklassikaren «Alic B. Toklas sjølvbiografi», skriv forlaget Skald i Leikanger i ei pressemelding. Juryen skriv dette i grunngjevinga: "Alice B. Toklas' sjølvbiografi (1933) er et finurlig prosaverk der Stein selv står i fokus - sett gjennom sin samboers øyne. Tonen er bevisst naiv og egosentrisk pompøs, men svært underholdende. Denne rett-fram-stilen har Brit Bildøen på eksemplarisk vis overført til et energisk nynorsk. Det sprelske, lekende og ukonvensjonelle ved originalen er grundig ivaretatt. Steins stil står i forhold til litteratur som sushi til kokekunst, er det blitt sagt: den er som en fornektelse av alt som har med mat å gjøre, men fungerer likevel strålende. I den norske utgaven nyskaper Bildøen dette barduse, tørrvittige og skråsikre».

Dette er ikkje første gong vesle SKALD er med på tevlinga om denne gjevne prisen. I fjor var to av dei fire nominerte utgitt i Skalds klassikarserie, og Øystein Vidnes stakk av med seieren for omsetjinga av Robert Musils Tre kvinner.- Klassikarserien har vore ei svær stor satsing for oss, og då er det ekstra motiverande at kvaliteten vert sett pris på, seier forlagssjef Simone Stibbe.For eit par år sidan starta forlaget bokklubben Nynorske klassikarar med bøkene frå serien. Det er den einaste bokklubben i landet med utelukkande omsetjingar til nynorsk.

Kommentarer til denne saken