KRAV: Fylkesleiar Sigurd Reksnes og Sogn og Fjordane Sp krev lik nettleige over heile landet. (Arkivfoto)

Krev lik nettleige over heile landet

Sogn og Fjordane Sp har sendt fråsegn til statsministeren og eiga stortingsgruppe.

Publisert 24.05.2019 kl. 07.48.

Senterpartiet i Sogn og Fjordane forventar at Regjeringa legg fram ei sak for Stortinget om utjamning av nettleige innan sommaren 2019. 

Dei meiner at alle innbyggjarane i landet skal ha ei nettleige som ligg på same nivå anten ein bur i by eller bygd.


Fornybar energi

«Det er politisk vedteke at me her i landet skal byggja ut meir fornybar energi.  I Sogn og Fjordane har me mykje tilgjengelege ressursar, både i form av vatn og vind.  Me har i dag ikkje bruk for denne krafta sjølv, men sel den og transporterer den til andre deler av landet.  For å kunna transportere straum må det byggjast nye linjenett til ny fornybar kraftproduksjon. Rekninga for dette blir delvis skuba over på innbyggjarane i fylket vårt.  Dette gjer at me her i fylket betalar langt meir enn det som rimeleg er i nettleige», skriv partiet i fråsegna.
 


- Fullt mogleg

Partiet meiner det er fullt mogeleg å jamna ut nettleiga på ein enkel og ubyråkratisk måte og skriv det har blitt spelt inn fleire modellar til regjeringa på dette. 

«Me veit at 2-3 øre pr kwh vil vera nok til å få jamna ut nettleiga i heile landet.
 Kundane fortener ikkje dei store forskjellane i nettleige, og for næringslivet er ei ulik nettleige konkurransevridande.  For enkelte næringsverksemder kan dette utgjera fleire hundre tusen kroner per år».


- Blir feil

Sogn og Fjordane Senterparti meiner fornybarsatsinga, og verdiskapinga den gir, er viktig for heile landet. 


«Det vert feil når det er dei som får miljøbelastninga med store utbyggingar innpå seg også skal vere dei som betalar rekninga for å få krafta nett. Einaste moglegheita til nasjonalt utjamna nettleige er vedtak i Stortinget og regjeringa må no følgja opp sine eigne formuleringar, skriv partiet i fråsegna.


Les meir om: Nyhende Politikk