Kretsen ber klubbane starta opp att fotballtreningar for fullt: – Det er ingenting som tilseier at me skal halda tilbake

ENDELEG I GANG: Jotun starta opp att med treningar for ungdomsfotballen i førre veka. No oppmodar kretsen at andre klubbar følgjer etter med treningar for  alle aldersklassar, frå seksåringar og opp til A-lag for begge kjønn.

ENDELEG I GANG: Jotun starta opp att med treningar for ungdomsfotballen i førre veka. No oppmodar kretsen at andre klubbar følgjer etter med treningar for alle aldersklassar, frå seksåringar og opp til A-lag for begge kjønn. Foto:

Sogn og Fjordane fotballkrets er klinkande klar på at klubbane bør starta opp att med treningar i alle aldersklassar, frå seksåringar og opp til A-lag for begge kjønn.

DEL

– Det er viktig for barn og unge å møtast på trening. Fotballen er ein sosial arena for enormt mange barn, det er god «mentalhygiene» å møte vener på trening – i tillegg til den reine folkehelsegevinsten som ligg i det å vera fysisk aktiv. Det siste er spesielt viktig i ein kvardag som dei to siste månadane har vore prega av innandørs stillesitjing og skjermaktivitetar, skriv NFF Sogn og Fjordane.

Alle aldersklassar

Kretsen er enormt oppteken av at klubbane får i gang fotballaktivitet og fotballtrening i same omfang som før koronakrisa.

– Det gjeld for alle aldersklassar, frå seksåringar og opp til A-lag for begge kjønn. Det er ingenting som tilseier at me skal halda tilbake på noko i denne perioden, og fotballkretsen ønskjer å motivera/inspirera klubbar og lag som kanskje framleis vegrar seg om å hiva seg rundt og få i gang aktivitet og trening innanfor dei smittevernfaglege råda FHI og NFF i fellesskap har utarbeida.

Er på tilbodssida

NFF Sogn og Fjordane seier dei er på tilbodssida ovanfor klubbar og lag som ønskjer råd og tips til alt frå smitteverntiltak, organisering og utdanning til konkrete og gode øvingar som er innanfor reint smittevernfagleg.

– I den samanheng har NFF også utarbeida ei koronatilpassa utgåve av Landslagsskulen – med ein variert og rikhaldig øvingsbank som er innanfor myndigheitene sine smittervernsanbefalingar.

«Den vesle meteren»

Hovudpunkta for barne- og ungdomsfotballen er no:

  • 20 ungar per treningsgruppe frå 10 år og oppover, 10 ungar per gruppe frå 6 til 9 år
  • Ein vaksen ansvarleg per treningsgruppe
  • Kvar treningsgruppe kan dele på ein ball
  • Keeper + keepertrenar kan bruka hendene
  • Ikkje under ein meter avstand mellom spelarane.
  • «Vanlege» hygienereglar som me kjenner frå før: Handvask, desinfisering av ball/utstyr, bruk av antibac, ingen garderobe, stå over ved symptom osv.

– Dette inneber at det no berre er «den vesle meteren» som skil oss frå det me kjenner som normal, vanleg fotballtrening med fullkontakt, heiter det frå kretsen.

Artikkeltags