Han har vore medlem av styret i føretaket sidan februar 2018.

- Dette er eit spennande verv i eit viktig føretak. Helse Førde er inne i ei svært utviklande tid, særleg med pågåande byggeprosjekt. Eg er audmjuk for oppgåva og tilliten, og ser fram til å jobbe saman med eit godt styre og ein dyktig organisasjon, seier Krakhellen i ei pressemelding frå Helse Førde.

Bur i Luster

Ole Gunnar Krakhellen er 36 år gamal. Han kjem frå Solund der han var ordførar frå 2011 til 2015. I ettertid har han vore kommunalsjef for oppvekst i Sogndal. Ei tid var han også konstituert rådmann der. I fjor vart han tilsett som stabsleiar for forvaltning og utvikling i Luster kommune, der han også bur.

Krakhellen blei oppnemnd i føretaksmøte i Helse Vest RHF, som eig føretaka på Vestlandet, onsdag ettermiddag. Han etterfølgjer Agnes Landstad som tidlegare i år vart leiar i styret for Helse Vest RHF.

Ny i Helse Førde-styret vert også Marit Hermansen. Ho er spesialist i allmennmedisin, og var president i Den norske legeforening i perioden 2015 - 2021. Før jul i fjor vart ho tilsett som sjeflege i NAV.

Uendra

Utover dette er det ingen endringar i dei eigaroppnemnde representantane til Helse Førde-styret som dermed er sett saman av Ole Gunnar Krakhellen (styreleiar), Anne Sissel Faugstad (nestleiar), Aud Ingrid Espeland, Reidar Sandal, Thomas Vingen Vedeld, Marit Hermansen og Ivar Eriksen.

Saman med medlemene oppnemnde av eigar, sit Randi Aven, Lena Thorsnes, Kari Sunde Kvile og Ole Magnus Kapstad i styret som representantar for dei tilsette. I tillegg representerer Eiliv Berdal brukarorganisasjonane.