Kraftig fall i arbeidsløysetala: – Dette er ein større nedgang enn me hadde venta

Talet på heilt ledige personar i Vestland er redusert med 5.147 dei siste to vekene frå 33 419 til 28.271.

DEL

– Dette er ein større nedgang enn me hadde venta, men desto meir gledeleg, skriv Anne Kverneland Bogsnes, direktør NAV Vestland i ei pressemelding.

Talet på heilt ledige i Vestland fylke utgjer no 8,4 prosent.

Tal deltidsledige aukar

Talet på heilt ledige fell innan alle yrkesgrupper, og mest innan butikk- og salsarbeid, ulike serviceyrke og reiseliv og transport.

I prosent er det størst reduksjon innan helse, pleie og omsorg med 40 prosent reduksjon eller 620 færre ledige.

– Det er liten tvil om at letten på smittevernrestriksjonane har ført til at yrkesgrupper som frisør, tannlege og andre innan personleg pleie har starta raskt opp igjen, seier Bogsnes.

Samstundes er talet på delvis arbeidsledige som venta auka med 2919 personar.

– Dette kan sjå negativt ut, men det betyr at mange som var heilt utan arbeid no melder til oss at dei jobbar i reduserte stillingar og det er bra, seier Bogsnes.

Flest unge er arbeidslause

Det er særleg auke innan barne- og ungdomsarbeid, reiseliv og transport og ulike serviceyrke, som er naturleg med aukande aktivitet i samfunnet no.

– Alle aldersgrupper får del i nedgangen, men det er framleis dei under 30 år som har størst del ledige. Likevel er det kjekt å sjå at det no er 1657 færre unge ledige, avsluttar Bogsnes.

Onsdag 6. mai opplyser NAV Vestland at det grunna ein feil i databasen deira er tala dei offentleggjorde i pressemeldinga ikkje korrekte. Rett tal heilt ledige i Vestland fylke er 28.271 som er om lag 3.000 fleire enn talet som vart publisert i går. Nedgangen i arbeidsløysa siste 14 dagar er -5 147 personar. Artikkelen er retta opp med korrigerte tal.

Artikkeltags