Gå til sidens hovedinnhold

Køyretøy tok fyr i tunnel

SISTE: Brannvesenet har avslutta på staden, to personar har fått i seg røyk og blir sett til av helsepersonell.

Det brann i eit køyretøy på E16 måndag kveld. Køyretøyet står mellom Gudvangatunnelen og Flenjatunnelen og vegen var stengt på staden, melder Vest politidistrikt like etter klokka 19.

Førar prøver å sløkkja brannen, men har ikkje kontroll, opplyser Vest politidistrikt på Twitter. Naudetatane er på veg.

110 Vest melder at sjåføren klarte å slå ned flammane med eit sløkkjeapparat. Brannvesenet er ved 19.05-tida snart framme og startar sløkking og kjøling.

Lastebilen skal vera lasta med blikk og elektronikk og dermed ikkje farleg last, opplyser 110 Vest på Twitter.

Klokka 19.06 melder Vest politidistrikt at lastebilen ikkje står til hinder på E16 og at flammane er slegne ned. Vegen er dermed opna att.

Kommentarer til denne saken