Vegtrafikksentralen melde klokka 16.55 måndag at Bergstunnelen på riksveg 5 mellom Skei og Sogndal var blitt stengd.

Årsaka er eit køyretøy som har fått stogg.

– Slik me forstår det var det ein bil i tunnelen som berre daua totalt, og har ikkje straum til å ha på naudblinken ein gong. Me hadde ikkje noko anna val enn å stengja, seier Jørgen Bødtker ved Vegtrafikksentralen.

Han seier det ikkje er meldt om svilukt eller andre teikn som tyder på brannfare. Men bilen treng bilberging.

– Bilbergar er på veg, sa Bødtker klokka 17.15, og visste ikkje då kortid tunnelen kunne opna att.

SISTE: Klokka 18.01 melder Vegtrafikksentralen at tunnelen er opna for fri ferdsel. Køyretøyet er ikkje berga, men dei har fått det inn på ei havarilomme. Bilbergar er framleis på veg.

Ein halvtime seinare var tunnelen kortvarig stengd medan det pågjekk bilberging.