Gå til sidens hovedinnhold

Køyreforbod, sprokken frontrute og åtvaring for køyre og kviletida

Statens vegvesen hadde tysdag kveld kontroll av tunge køyretøy på Håbakken i Lærdal.

Eit vogntog fekk køyreforbod inntil lasta var forskriftsmessig sikra. Trekkvogna fekk og teknisk mangel for sprokken frontrute, og føraren fekk åtvaring for køyre og kviletida.

Tre andre førarar fekk også åtvaring for køyre og kviletida.

Ein spesialtransport hadde lasta feil slik at han ikkje oppnådde 1.5 gangen. Det vil seia at hengjaren var meir enn 1.5 gonger så tung som trekkvogna.

– Dette kan vera farleg, spesielt no når det kan vera fare for småglatte vegbaner på fjellovergangane, opplyser Statens vegvesen.

Eit firma hadde ikkje gyldig avtale på bombrikka og fekk 8000 kroner i gebyr for dette. Gebyret måtte betalast før vogntoget fekk fortsetja turen.

Kommentarer til denne saken