Køyrde tilhengar utan lys- meld til politiet

Sogndal trafikkstasjon hadde fleire ting å setja fingeren på hjå bilistar i Sogndal fredag.

DEL

Sogndal trafikkstasjon heldt trafikkontroll med ANPR-kamera, som kjenner att kjennemerka på køyretøy. I tillegg sjekka dei teknisk utstyr og bilbelte under kontrollen i Sogndal fredag.

Avregistrering

Konklusjonen for tre køyretøy var avregistrering.

For eitt av køyretøy, som var selt, men ikkje omregistrert, fekk førar ordna opp på plassen og fekk dermed behalda kjennemerka. Det andre køyretøyet mangla godkjent periodisk kontroll og eit tredje som måtte avregistrerast hadde ikkje gyldig forsikring. Begge fekk inndrege kjennemerka.

16 med feil på lysa

19 køyretøy vart stoppa og kontrollerte. 16 køyretøy hadde tekniske manglar med lys.

Ein førar vart meld for å køyra med tilhengar i mørket der alle lysa på tilhengaren var ute av funksjon.

Artikkeltags