Politiet fekk klokka 02.30 natt til tysdag melding om eit vogntog som hadde køyrd på ein hjort aust for Tuftåstunnelen på E16 i Lærdal.

– Det var føraren sjølv som melde inn. Dyret halta vidare ut av vegbana etter påkøyrselen. Me kopla på viltkontakten som rykkjer ut med mannskap for å finna hjorten, seier Dan Erik Johannesen, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.

Det har elles vore ei stille natt for politiet.