Køyrde i tunnelveggen- trailer bak fekk stein i frontruta

E16 er open att etter at to trailerar hadde uhell i Flenjatunnelen.

DEL

Vest politidistrikt opplyste like før klokka 15 tysdag at E16 Flenjatunnelen i Aurland er stengd.

Det er ein lastebil som har vore oppe i tunneltaket, opplyste politiet.

Tunnelen var stengd grunna oppryddingsarbeid. Like før 16.30 melde vegtrafikksentralen om at tunnelen var open att.

– Ein trailer har vore borte i ei av sidene i tunnelen. Nokre steinar har lausna. Traileren som kom bak har fått stein i frontruta, fortalde operasjonleiar Frode Kolltveit i Vest politidistrikt.

Han fortalde klokka 15.20 at begge trailarane er ute av tunnelen. Det skal ikkje vera personskade.

Artikkeltags