Køyrde for mykje, kvilte for lite: full stopp på Håbakken

HÅBAKKEN: 82 køretøy vart vinka inn til kontrollveging på Håbakken i går, 12 av dei vart kontrollert nøyare. (Illustrasjonsfoto)

HÅBAKKEN: 82 køretøy vart vinka inn til kontrollveging på Håbakken i går, 12 av dei vart kontrollert nøyare. (Illustrasjonsfoto) Foto:

Føraren hadde ikkje alt på stell då han vart vinka inn til kontroll

DEL

Det går fram av ein rapport frå Statens vegvesen, som heldt kontroll på Håbakken onsdag kveld. Av 82 køyretøy inne på kontrollplassen, vart 12 plukka ut til ein nærare kontroll.

Då synte det seg at ein førar hadde køyrt for mykje og kvilt for lite, slik at han vart meld for brot på køyre- og kviletidsreglementet.
– Manglande døgnkvile og for lang dagleg køyretid, heiter det i rapporten frå inspektør Roger Løvlid.

Om ikkje det var nok til å parkera sjåføren, fekk han i alle fall bruksforbod fordi han hadde ting og tang liggjande eller hengjande i fronten – såkalla sikthindrande gjenstandar. I tillegg mangla han vinterdekk. Det siste fekk han gebyr for.

Sju køyretøy hadde teknisk mangel, ein fekk gebyr for manglande vognkort, medan ein tredje måtte parkera vogntoget til han kunne visa fram ein anna form for dokumentasjon som mangla.

Artikkeltags