Gå til sidens hovedinnhold

Køyrde 115 kilometer i timen i 60-sona

Politiet gjennomførte fartskontroll i Førde sentrum natt til søndag. Ein bilførar vart målt til 115 kilometer i timen i 60-sona, altså nær det doble av lovleg hastigheit. Politiet kverrsette førarkortet og saka er meld. Same lagnad vart det for ein annan sjåfør. Han vart målt til 78 kilometer i timen. Normalt endar dette i forenkla førelegg, men på grunn av for mange prikkar frå før står no sjåføren utan førarkort.

Kommentarer til denne saken