Koronatider gir utsett frist for å ta av piggdekka

DEKKSKIFTE: Me er inne i tida for dekkskifte, men Statens vegvesen har no utsett fristen for å få av piggdekka.

DEKKSKIFTE: Me er inne i tida for dekkskifte, men Statens vegvesen har no utsett fristen for å få av piggdekka. Foto:

Vegvesenet ser at det praktiske utfordringar med dekkskifte i desse tider.

DEL

– Me oppmodar folk så skifta ut piggdekka så raskt som mogleg. Men ser samstundes mange praktiske utfordringar i desse koronatidene. Som karantene og verkstadar og dekkhotell som er stengde eller har redusert kapasitet, seier Ingrid Heggebø Lutnæs i Statens vegvesen i ei pressemelding.

Unntak

Vegvesenet har vedteke å gje unntak frå dei ordinære piggdekk-fristane. No er fristen til å skifta ut piggdekka 1. mai og gjeld likt for både Sør- og Nord-Norge.

Opphavleg skal piggdekka av innan første måndag etter 2. påskedag i Sør- og innan 1. mai i Nord-Noreg. Sverige har nettopp gjort det same unntaket.

Dette har likevel vore ei vanskeleg vurdering for Statens vegvesen.

Svevestøv

– Det er uheldig å ha køyretøy med piggdekk på vegane lenger enn naudsynt. Kombinasjonen av piggdekk, tørre vegar, varmt vêr og god køyrefart gir mykje svevestøv. Me ber om at dei som har moglegheita til å skifta så raskt som mogleg gjer det for å minska andre miljøulemper og ikkje venta så lenge som mogleg, seier Lutnæs.

Statens vegvesen vil følgja med på luftkvaliteten gjennom sine mange målestasjonar. Etaten er klar til ekstra feiing og vasking av vegane ved behov.

Artikkeltags