Koronasmitte påvist i Sogndal kommune

Ein innbyggjar i Sogndal kommune har fått påvist smitte av koronavirus.

DEL

Det skriv Sogndal kommune på si nettside.

– Ein vaksen person frå Sogndal kommunen er smitta. Vedkomande har vore i Austerrike, og fekk påvist smitte før vedkomande kom heim til Sogndal, opplyser smittevernlege Leiv Erik Husabø.

Personen som har fått påvist koronasmitte, har vore isolert sidan vedkomande kom heim.

Tiltaka kommunen har sett i verk, er i tråd med råda frå Folkehelseinstituttet.

– Det viktige no er å isolera personar som er smitta, slik at dei ikkje smittar andre, seier Husabø.

Ein person i Sunnfjord kommune har også fått påvist koronaviruset, skriv Firda. Fleire personar sit i karantene.

Artikkeltags