Alle born og tilsette i Rogne barnehage vert sette i karantene, og det vil verta testa fortløpande og så snart som mogleg, skriv Voss herad i ei pressemelding fredag.

Berre borna og dei tilsette blir definerte som nærkontaktar per no.

Barnehagen har ei avdeling slik at dette fører til at heile barnehagen vert stengd heile neste veke.

Voss herad meiner å kjenna kvar smitta kjem frå i dette tilfellet, gjennom smittesporing.

Tidlegare fredag vart det også meldt om to nye smittetilfelle i Helse Førde sitt område. Desse to tilfella er påviste i Askvoll, skriv Firda.