Koronasmitte oppdaga i Årdal

– Mistenkjer ikkje lokal smittespreiing, seier kommunelegen.

DEL

Kommuneoverlege Frode Myklebust opplyser at det første tilfellet av koronasmitte er påvist i Årdal. Det skriv kommunen i ei pressemelding laurdag ettermiddag.

I isolasjon

– Personen har vore i karantene etter utanlandsopphald og er no heime i isolasjon.
Det er oppretta kontakt med lokal helseteneste, seier Myklebust.
Ifølgje pressemeldinga er det snakk om moderate symptom på Covid 19-viruset, som til no har kravd tusenvis av menneskeliv på verdsbasis.

Smitta utanlands

Kommuneoverlege opplyser at det er gjort smittesporing i samband med dette første tilfellet.

– Smittekjelda er høgst sannsynleg utanlands, me mistenkjer ikkje lokal smittespreiing, seier Myklebust, som har varsla Folkehelseinstituttet om saka.


Artikkeltags