Koronasmitta gjekk på fest – får 20.000 kroner i bot

Vest politidistrikt gav måndag eit førelegg på 20.000 kroner til ein privatperson for brot på smittevernlova.

DEL

Det er stadfesta at vedkomande var smitta med Covid-19, og førelegget vart gitt etter at vedkomande braut lovpålagt isolasjon og oppsøkte ein fest natt til søndag. Politiet har i helga etterforska saka, og avhøyrt fleire personar.

Seier ikkje kvar

Med tanke på personvernet ynskjer Vest politidistrikt ikkje å koma med ytterlegare detaljar om hendinga. Dei vil heller ikkje seia verken alder, kjønn eller kvar i politidistriktet dette har skjedd.

– Vedkomande er orientert om førelegget. Dersom bota ikkje vert betalt, så risikerer vedkomande fengsel i 40 dagar. me vonar at folk skjønar alvoret i situasjonen landet står i, og rettar seg etter gjeldande lover, reglar og retningsliner, seier påtaleleiar Gunnar Fløystad i Vest politidistrikt.

Mange oppdrag

Vest politidistrikt registrerte i helga 50 oppdrag relatert til korona, Politiet har i utgangspunktet ei førebyggjande rolle for å hjelpa innbyggjarar og verksemder å førebyggja smitte.

– Politiet forheld seg til sentrale lover og forskrifter. Sjølv om oppførselen til folk ikkje er direkte straffbar, kan me av smittevernomsyn påleggja folk å bryta opp samkomer eller andre aktivitetar som kan utgjera auka smittefare. Dersom folk ikkje følgjer pålegga, kan dette vera straffbart, seier stabssjef Kjetil Øyri.

Bruk sunn fornuft

Politiet kan ikkje fastsetja eit tal på kor mange som kan møtast privat, og oppmodar den einskilde til å bruka sunn fornuft, og vurdera kva som er forsvarleg.

– Klare lovbrot vert forfølgde. Det er gjort klart av Riksadvokaten at lovbrot som inneber brot på alt som skal bidra til å redusera smitterisiko skal prioriterast. Me kjem difor også framover til å ta brot på smittevernlova som er straffesanksjonert på største alvor, seier Fløystad.

Artikkeltags