– Koronakrisa kan bli dramatisk for villaksen og sjøauren

URO: Fleire organisasjonar uroar seg for at lemping på lovverk kring mellom anna lusetelling i merdane, skal få negative konsekvensar for stammane av villaks og sjøaure.

URO: Fleire organisasjonar uroar seg for at lemping på lovverk kring mellom anna lusetelling i merdane, skal få negative konsekvensar for stammane av villaks og sjøaure. Foto:

Norges Jeger- og Fiskerforbund (NJFF) fryktar redusert kontroll med lakselus.

DEL

– Dette kan få alvorlege konsekvensar for allereie hardt prøva villaks- og sjøaurebestandar, skriv NJFF i ei pressemelding.

Uroa kjem etter at fiskeriminister Odd Emil Ingebrigtsen sa til NRK at han er innstilt på å letta opp og vera meir fleksibel på lovverket. Oppdrettsnæringa ber om å få setja meir fisk enn det som er tillatt i merdane, samt fritak frå lova om å rapportera mengda lakselus.

Generalsekretær Eldar Berli i NJFF påpeikar at kortvarige tiltak for å redda ein bransje i knipe, kan få langvarige konsekvensar for naturen og dermed også andre næringar og interesser.

Midt i utvandringstida

– Villaksen og sjøauren slit «big time». Innsiget av villaks til kysten er meir enn halvert sidan 80-talet. Dei største truslane mot dei ville laksefiskane er ifølgje Vitenskapelig råd for lakseforvaltning relatert til oppdrettsverksemd, nemleg lakselus og rømming. Dersom ein no set i verk tiltak som aukar lakseluspresset midt i utvandringstida frå elvene, som er den mest sårbare tida for dei ville laksefiskane, så kan det gje langvarige negative konsekvensar for dei allereie sårbare bestandane. Det vil me på det sterkaste åtvara mot, seier Berli.

Organisasjonane Norges Jeger- og Fiskerforbund (NJFF), Norske Lakseelver, Naturvernforbundet, Natur og Ungdom, WWF Verdens naturfond (WWF), Norsk Friluftsliv, Sabima, Greenpeace og Reddvillaksen har sendt eit brev til statsråden der dei uttrykkjer uro. Organisasjonane ser samstundes at krisehjelp er naudsynt.

– Men me er samstundes opptekne av at dei tiltaka som blir sette i verk ikkje må gå for hardt på kostnad av andre viktige samfunnsomsyn, som eit allereie pressa naturmiljø, skriv organisasjonane i brevet.

– Bør søkja støtte

– Norsk fiskeoppdrett bør heller søkja om støtte på same måte som all annan næringsverksemd som har ekstraordinære utfordringar på grunn av koronautbruddet, enn å be om auka produksjon og reduserte krav til sjukdomskontroll, heiter det i pressemeldinga.

Det er kriselova, den såkalla koronalova, som kan gje opning for unntak og hastevedtak. Organisasjonane meiner det er klart at regjeringa ikkje bør gje næringa fritak frå miljøkrav heimla i gjeldande lover og forskrifter:

– Slik me forstår koronalova omfattar den ikkje moglegheit for å gje mellombels unntak frå gjeldande lover og forskrifter med tanke på å tillata meir fisk i oppdrettsanlegga enn det som er fastsett i konsesjonane. Den kan heller ikkje unnta oppfølging av det viktige arbeidet med å registrera og bekjempa lakselus.

Artikkeltags