Korona-viruset: Helse Førde er førebudd

ER BUDDE: Helse Førde bur seg på eit ubrot av korona i Sogn og Fjordane.

ER BUDDE: Helse Førde bur seg på eit ubrot av korona i Sogn og Fjordane. Foto:

Av
DEL

MeiningarDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.Dei første tilfella av koronavirus er konstatert i Norge, og både kommune- og spesialisthelsetenesta må vere budd på ytterlegare spreiing. For oss er det viktig å sikre at befolkinga blir best mogeleg ivaretatt i ein slik tenkt situasjon. I Helse Førde har vi difor den siste tida gjennomgått planverk og prosedyrer utfrå dei ulike scenario ein kan sjå føre seg.

Det er for tida forsyningssvikt på smittevernutstyr i Norge, og det er difor heilt sentralt at vi nyttar det utstyret vi har på beste måte. Overfor eigne medarbeidarar har vi såleis gått gjennom og understreka prosedyrene for å sikre rett bruk av verneutstyr til dei ulike formene for smitte. Elles forheld Helse Førde seg til Folkehelseinstituttet sine tilrådingar i spørsmål rundt smitte, smittevern og behandling.

Dersom du lurer på kva du sjølv kan gjere for å unngå smitte, er svaret først og fremst god handhygiene. Ved mistanke om smitte skal du ringe fastlege eller legevakt på telefon 116117.

Her får du vidare rettleiing i kva du skal gjere. Ingen skal møte direkte opp hjå fastlege, legevakt eller sjukehus utan først å ha ringt legen eller legevakta.

Skulle det bli ein situasjon med stort tal pasientar som treng behandling i sjukehus, vil vi innrette drifta vår slik at desse blir ivaretatt som godt som mogeleg. Korona-smitta pasientar som treng sjukehusinnlegging i Helse Førde sitt område, vil bli innlagt på medisinsk avdeling ved Førde sentralsjukehus. Så langt har koronaviruset ikkje hatt innverknad på den ordinære drifta i helseføretaket.

Elles rår vi alle som treng meir informasjon om koronaviruset og smittevern om å gå inn på Folkehelseinstituttet sine nettsider fhi.no. Der vil det alltid ligge oppdatert informasjon.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Me oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags