Kontrollerte 22 bilførarar for promille i Sogndal

DEL

Politiet i Sogndal hadde promillekontroll natt til søndag på vegen ved folkehøgskulen. Ingen av dei 22 kontrollerte hadde utslag, og politiet avslutta kring klokka 02.00.

Elles har det vore stort sett roleg i Sogn. I Florø barka to saman på ein utestad, og politiet måtte gripa inn. I Førde vart ein 47 år gamal rabiat hotellgjest teke hand om av politiet, og meldt for ordensforstyrring.

Vakthavande Terje Magnussen på operasjonssentralen til Vest politidistrikt seier politiet har vore ute på kontrollar fleire stadar i Sogn og Fjordane i natt, men alt har vore ok. Politiet var også innom eit LAN-treff i Høyanger, og rapporterer om god stemning.

Artikkeltags