Gå til sidens hovedinnhold

Kontroll avdekte defekte lys

Tre sjåførar fekk skriftlege manglar under kontroll langs riksveg 13 i Vik og Leikanger torsdag.

Fokus for kontrollen var bruk av bilbelte og øvrig teknisk kontroll. Statens vegvesen melder om at beltebruken er svært god på begge plassane, då alle dei 112 observerte nytta bilbelte.

Einaste manglane som blei funne under kontrollen var feil med lys hjå tre køyretøy, her dreia deg seg om defekt nærlys og baklys på tilhengar.

Statens vegvesen minner om å tenka trafikktryggleik i ferietrafikken ved å bruka bilbelte, ha køyretøy i orden, halda avstand til bilen framfor og ikkje gjera farlege forbikøyringar. Og for dei som vil bruka lenger tid på køyreturen og ligg først i køen, køyr til sides og slepp forbi, heiter det i oppmodinga frå vegvesenet.

Kommentarer til denne saken