Tiltaka inneber opprusting- og utviding av dei allereie regulerte Fortun-Grandfastavassdraga, opplyser departementet i ei pressemelding.

Utnytta ressursane

Øyane kraftverk vil gje ein årleg produksjon på 66 gigawattime (GWh). Illvatn pumpekraftverk vil gje ein årsproduksjon på 113 GWh.

– Dette er eit godt eksempel på korleis me kan utnytta eit vassdrag som allereie er bygd ut for vasskraft på ein endå betre måte. Med slike prosjekt får me ein betydeleg fornybar kraftproduksjon med avgrensa miljøinngrep. Denne utbygginga vil også vera viktig for næringslivet og sysselsetjinga i denne delen av Vestland, seier olje – og energiminister Tina Bru i pressemeldinga.

Restvassføring

I pressemeldinga går det fram at Øyane kraftverk vil utnytta restvassføringa i Fortunselva. Intakt til kraftverket vil liggja nedanfor Spitarfossen. Dermed er dei negative konsekvensane for landskap, friluftsliv og naturmiljø redusert i betydeleg grad, opplyser departementet i pressemeldinga.

Utbygginga gjer at vassføringa blir redusert i Fortundalselvi. Difor er det fastsett minstevassføring av omsyn til fisk.

«Miljøkonsekvensane ser på me dermed for å vera akseptable», skriv departementet.

Omsyn til villrein

Illvatn pumpekraftverk skal pumpa opp vatn frå Fivlemyr i flaumperiodane for lagring i eit utvida magasin i Illvatn til produksjon av kraft i vintermånadane. Det er samstundes gjeve løyve til å auka reguleringshøgda i Illvatn frå 15 meter til 62 meter ved senking.

Det er fastsett vilkår om prioritert oppfylling av Illvatn og våren. Av omsyn til villrein er det pålagt at det blir sett opp bomveg og fastsett vilkår om kort byggjetid.

– Regjeringa prioriterer prosjekt som bidreg til meir regulerbar kraft, noko dette prosjektet vil bidra til. Tilleggsreguleringa av illvatn gir ny verdifull regulerbar produksjon og syter for å optimalisera produksjonen frå Fortun -og Grandfastavassdraga på ein betre måte enn i dag, seier Bru.

Luftleidning

Det er også gjeve løyve til å byggja ein 11 kilometer lang 132 kV luftleidning frå Sveinsøystølen til Illvatn kraftverk. Leidningen vil ha noko negativ påverknad på landskap og friluftsliv, men kjem i eit område som allereie er prega av eksisterande vasskraftutbygging, skriv departementet.