Gå til sidens hovedinnhold

Kong Harald skal hjarteklaffopererast

Artikkelen er over 1 år gammel

Kong Harald blir torsdag innlagd på Rikshospitalet for å gjennomgå ein operasjon for å skifte hjarteklaff.

Det opplyser Slottet.

Operasjonen skal skje fredag.

Kong Harald gjennomgjekk òg ein operasjon av hjarteklaffen mellom hjartet og hovudpulsåra i 2005. Det vart då sett inn ein kunstig hjarteklaff. Slike hjarteklaffar har ein levealder på 10 til 15 år. Det er derfor ikkje uvanleg at slike inngrep må gjentakast etter litt tid, melder kongehuset.

Inngrepet skal utførast via lysken med lokalbedøving. Kongen skal vere vaken medan dette går føre seg.

Kommentarer til denne saken