Gå til sidens hovedinnhold

Kong Harald er innlagd på Rikshospitalet – kronprinsen steppar inn

Artikkelen er over 1 år gammel

Kong Harald vart fredag morgon innlagd på Rikshospitalet, opplyser Slottet. Kronprins Haakon tek over oppgåvene til kongen på kort varsel.

– Hans majestet Kong Harald vart i dag tidleg innlagd på Rikshospitalet, opplyser Slottet fredag morgon.

Kongen er sjukmeld i samband med innlegginga.

– Vi har førebels ikkje meir informasjon enn i pressemeldinga. Kronprinsregenten leier statsråd i dag, opplyser kommunikasjonssjef Guri Varpe til NTB.

Kongen må òg avlyse den faste audiensen med statsminister Erna Solberg (H).

– Eg ønskjer kongen god betring, seier Solberg til NTB.

På jobb torsdag

Torsdag ettermiddag var kongen til stades på markeringa av sesongslutt for kongeskipet i Oslo, saman med dronninga og kronprinsen.

Kong Harald og dronning Sonja skulle eigentleg vere til stades på Maihaugen i Lillehammer klokka 16 fredag ettermiddag, under markeringa av at Tuengen allé 1b, som er barndomsheimen til dronninga, står ferdigstilt.

Ifølgje Slottets nettside vil arrangementet gå etter planen, med dronninga til stades.

Arbeidsfordeling

I eit intervju med NTB gjort tidlegare i september kommenterte kronprins Haakon, no 47 år, korleis arbeidsfordelinga i kongefamilien generelt har fungert i koronatida. Dei fleste offisielle oppgåvene fell på han og den no 83 år gamle faren.

– Fram til no synest eg at vi har klart å jobbe ganske fint saman. Eg tenkjer litt som at det er eit team, og at vi fordeler arbeidsoppgåvene litt sånn fortløpande oss imellom for å få best mogleg resultat. Det tenkjer eg vi skal halde fram med å gjere i åra framover òg, sa kronprins Haakon til NTB om arbeidsdynamikken i familien.

Kommentarer til denne saken