Me ynskjer å vere ein framtidsretta og sunn kommune, som me kan vere stolte av. Dette inkluderer miljø og klima. Men nullutsleppsvedtaket er verken framtidsretta eller sunt.

Det er ikkje gjort på tre år å endre kursen til cruiseskip i samband med motorisering og framdrift. Dette er store, tunge og dyre prosjekt som tek tid. Det er nok heller ikkje aktuelt for dei eldste skipa å bygge om verken det eine eller det andre. Skipa endrar difor berre kursen mot andre fjordar, og bussar gjestene til kommunen vår. Dette betyr at utslepp frå cruiseskip er akkurat like høgt, kanskje litt høgare sidan dei ikkje kan gå til land å kople seg til eit landstraumanlegg. Då blir båtane liggande til anker eller liggande med motorane i gang fordi Sognefjorden er så djup at dei ikkje kan ligga til anker ei gong. Problemet med nullutsleppsvedtaket er at det er eit skrivebordsvedtak som berre er nyttig på eit skrivebord. Praktisk sett vil taparen vere klima og miljø, og Flåm.

Les også

Som reiselivsdestinasjon må me tore å seia nei til forureinande skip

Kvaliteten på produktet me leverer til gjestane blir veldig mykje dårlegare, Flåm Hamn er ei av dei hamnene som leverer desidert best på kvalitet til gjestene. Me kan cruise og me kan vertskapsrolla i Flåm. Me kan reiseliv i Flåm.

Kva no, MDG? Desse tilsette kan vel få jobb ein anna plass, i ein anna industri. Kva industri? Kva næring? Ikkje minst på kva areal skal denne næringa byggjast? På grunn av verdsarv, landskapsvern og landbruk er me låst. Skal me ta landbruksjord for å kompensera for eit feilslått vedtak? Det er svært utfordrande å finna eigna areal, utan å måtte gripa inn i naturen.

Ullern Hansen peikar på at me må tørre å byggje ei breiare næring, ei framtidsretta næring. Til det vil me seie at svaret er reiselivsnæring, den er framtidsretta, den utnyttar ressursane me har og den skapar arbeidsplassar. Me skal sjølvsagt jobbe for å skaffe andre næringar, turismen er trass alt sentrert rundt Flåm og Gudvangen, men då må me òg vera villige til å ofra noko.

«Aurland MDG har lyst til å vere med på å sikre at Aurland Kommune utviklar seg vidare «…» . å overlevere denne kloden i betre stand til våre etterkomarar. Klarar me det?» Slik avsluttar Ullern Hansen lesarinnlegget sitt. Ein ting er i alle fall heilt sikkert me klarar det ikkje med eit slikt utgangspunkt som staten har sett med dette nullutsleppsvedtaket. Her blir det berre taparar, den største taparen blir miljøet.

Lesarinnlegget til Ullern Hansen reiser mange spørsmål, men det gir svært få gode svar, men det er vel mest slik det er med heile miljøbevegelsen. Dei reiser spørsmål, men å komma med svar som faktisk hjelper det greier dei ikkje. Luftslott utan innhald; akkurat slik dette nullutsleppsvedtaket er.

Nei, me kan ikkje akseptere at cruiseskipa skal bli nekta å segle inn fjorden vår fordi nokre politikarar trur dei skal redde verda med fjasevedtak som blir framstilt som den beste løysinga for miljøet.

Landstraum er løysinga. Straum som kjem direkte frå vasskraftverket, rett inn i pulsåra på skipet som ligg til kai. For då, då kan me sei «sjå her, her blir skipet mata med vasskraft på kaien og slepp ikkje ut eitt einaste gram av verken den eine eller andre avgassen.»

Dersom sjøfartsdirektoratet vel å høyre på dei som har same meiningar blir dei sjølvsagt tatt med i vurderinga, og heller let dei som er imot utanfor. For dei fleste saker i verda kan man alltid finne fakta og rapportar som støttar deira side av saka.