Gå til sidens hovedinnhold

Kommunen oppmodar til munnbind og avstand

Onsdag er det registrert 21 nye smittetilfelle i Sogndal kommune.

Kommunen tilrår følgjande, i første omgang fram til torsdag 2. desember:

  • Bruk munnbind der det er utfordrande å halda avstand
  • Reduser talet nærkontaktar
  • Hald avstand der det er mogleg
  • Unngå arrangement der det ikkje er mogleg å halda avstand

I tillegg kjem generelle smittevernråd om å vaska hender og halda deg heime dersom du er sjuk og ta koronatest.

– Det er viktig å halda oppe tenestene våre, og i lys av det vel kommunen no å gje tydlegare råd om korleis folk kan møta smittesituasjonen, seier ordførar Arnstein Menes, ifølgje heimesida til Sogndal kommune.

Kommentarer til denne saken