Kommunen har taksert uthuset til Kåre (75) som eit anneks: – Dei må gjerne koma hit og overnatta – heilt gratis

Kåre Sande i Fresvik har ikkje klaga, men får sjansen sjølv om fristen er ute. Kommunen meiner uthuset hans er eit anneks. – Dei må gjerne koma hit og overnatta – heilt gratis, seier 75-åringen.