Kommunane følgjer nasjonale råd tett – set i verk strenge tiltak

DAGLEGE MØTE: Rådmann Ellen Marie Njøs Lillesvangstu og ordførar Arnstein Menes samlar framover kriseleiinga til daglege møte for å følgja situasjonen kring korona-viruset nøye.

DAGLEGE MØTE: Rådmann Ellen Marie Njøs Lillesvangstu og ordførar Arnstein Menes samlar framover kriseleiinga til daglege møte for å følgja situasjonen kring korona-viruset nøye. Foto:

Sogndal samlar krisestaben dagleg. Det same gjer dei i andre kommunar. Alle følgjer tett dei nasjonale råda og føringane dei har fått.

DEL

– Me kjem til å gje tilbod til ungane til dei som har samfunnskritiske funksjonar, og må vera på jobb og ikkje kan vera heime, seier rådmann Ellen Marie Njøs Lillesvangstu.

Frå og med fredag morgon er alle skular og barnehagar i heile landet stengde. Sogndal kommune oppmodar også alle tilsette som kan, til å ha heimekontor.

Minst mogleg besøk

Dei følgjer også påbodet om adgangskontroll til helseinstitusjonar. Det er strenge restriksjonar, men det kjem Sogndal til å praktisera.

– Om du vil på besøk hjå dine på omsorgssenteret må du ta kontakt med folk i døra, eventuelt ringja på, og så gjer dei tilsette ei vurdering av om du får koma inn eller ikkje, seier ordførar Arnstein Menes.

– Det er jo for å sikra at dei som bur på institusjonane ikkje skal verta sjuke, seier Lillesvangstu.

Kommunen ynskjer heller ikkje besøk på kommunale kontor.

– Dei som har saker dei ynskjer å avklara med kommunen, så oppmodar me at folk ikkje kjem på besøk til kommunale kontor. Me ber folk om å ta kontakt på telefon eller e-post der det er mogleg, seier Lillesvangstu.

Artikkeltags